NyrealismenPå byrjinga av 1900-talet, får vi ein ny realistisk periode, nyrealismen eller etisk realisme. Felles for litteraturen som blei skreve i tidsrommet mellom ca. 1905 og ca. 1925, var ønsket om å belyse ulike etiske problemstillingar enkeltindivid blir stilt ovanfor – derav begrepet etisk realisme.
Medan dei kritiske realistane på 1870 og 80- talet skreiv om litterære karakterar som fungerte som representantar for samfunnsgrupper, til dømes lærarar, prestar eller kvinner generelt, var nyrealistane meir individorienterte. Forfattarane var opptatt av at mennesket hadde eit moralsk ansvar både for seg sjølv og andre. På denne tida skjedde de store endringar i samfunnet, byar vaks opp i takt med at industrien vaks, og Noreg fekk ei ny klasse – arbeiderklassen. Det var dei som tok seg arbeid i byane. Dette blei etterkvart ei så stor klasse at det tvang seg fram politisk representasjon for denne klassa. Arbeiderane hadde dårlege kår, og mange sakna det gamle livet på bygda. Særleg dei moralske problema desse folka stod ovanfor blei skildra av nyrealistane. Diktinga blei på denne måten meir verkelegheitsnær og samfunnsproblema fekk igjen ein sentral plass i litteraturen, samstundes som den bevarte fokuset på enkeltmennesket fra nyromantikken. Den nye samfunnsstrukturen har nok mykje av skylda, eller æren - alt etter korleis ein ser det, for dei nye strømnigane i litteraturen, men ikkje lite viktig var det også at den etablerte forfattargenerasjonen døydde ut på denne tida. Frå 1900 – 1910 døydde Skram, Obbstfelder, Kielland, Ibsen og Bjørnson, og vegen låg klar for nye forfattarar. Det at Hamsun, som på denne tida var ein etablert forfattar, også tok opp i seg dei nyreaistiske tankane, gjorde nok gjennombrotet enklare. Nye forfattarar på denne tida var til dømes Oskar Braaten, Sigrid Undset og Olav Duun. Romanen og lyrikken blei igjen populære uttykksformer. Klikk her for å redigere.
|