mellomkrigstidaI litteraturhistoria blir perioden mellom dei to verdskrigane (1918-1940) ofte bare kalt for mellomkrigstida. Dette seier jo ikkje noko om kva for type litteratur ein skreiv, men vi kan seie at det er to hovudretningar som pregar denne tida: Kulturradikalisme og Psykologisk realisme.
Kulturradikalisme Forfattarar som Arnulf Øverland, Sigurd Hoel, Rudolf Nilsen og Nordahl Grieg var prega av dei venstreorienterte og revolusjonære tankane som breidde seg i Europa etter den russiske revolusjonen i 1917. Etter at 1. verdskrig var over meinte mange at det var behov for ein kraftig forandring. Dette nye skulle byggjas på fornuft og vitskap, og gammal overtro og religiøst tankegods måtte vekk. Utover på 20- og 30-talet skulle oppblomstringa av nazismen og fascismen forsterke desse forfattaranes syn på verda, og litteraturen blei brukt som eit middel i kampen mot desse strømningane som særleg gjorde seg gjeldane i Tyskland og det sørlege Europa. Kanskje du kjenner til eit dikt fra denne tida som er eit godt døme på dette? Psykologisk realisme Psykologen Sigmund Freud danna ein eigen skole innenfor psykologien med psykoanalysa. Hans viktigaste bidrag til å forstå korleis menneskesinnet fungerar var det underbevisste. Freud sa at menneska aldri er 100% rasjonelle (styrte av fornuft) sjølv om dei skulle ønske å vere det, fordi underbevisstheita vår påverkar korleis vi tenkjer og handlar. Fleire av forfattarane på denne tida, for eksempel Aksel Sandemose, Johan Borgen og Sigurd Hoel, skreiv difor barndoms- og oppvekstskildringar. Dei meinte at vi fant forklaringa på til dømes angst, svik, hat og aggresjon i ein persons barndom, og at det difor var viktig å skrive om desse delane av eit menneskes liv for betre å kunne forstå menneska. Felles for hele perioden Vi ser at forfattarane i perioden bruker litteraturen som eit middel for å nå ut til folk med eit bodskap. I ein vanskeleg periode i Europas historie leverte forfattarane viktige bidrag til at menneska kunne forstå verda rundt seg, sjølv om dei brukte ulike innfallsvinklar. I tillegg til forfattarane som er nemnt over gjorde også lyrikarane Rolf Jacobsen og Haldis Moren Vesaas seg gjeldane i denne perioden, sjølv om desse ikkje var så mykje påverka av nokon av dei to hovudstrømningane. Kildehenvisninger:
http://www1.uis.no/fag/Learningspace_kurs/guide/Tidslinjer/Litteraturhistorie/tekstsider/mellomkrigstid/mellomkrigstid.htm https://snl.no/Norges_litteraturhistorie Bilder: Freud: By Veroraz (Own work) [CC BY-SA 4.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0)], via Wikimedia Commons |
Noregs litteraturhistorie frå 1800 til nåtid:
Hovedside Romantikken Nasjonalromantikken Realismen Naturalismen Nyromantikken Nyrealismen Mellomkrigstida Okkupasjonstid Etterkrigslitteraturen Modernisme og sosialrealisme Åpenhet og mangfold Tusenårsskiftet Sigmund Freud (1856-1939)
|