lillebror av Aksel SandemoseAksel Sandemose vart født i Nykøbing Mors i Danmark i 1899. Han er rekna som ein nyrealistisk forfattar som skreiv psykologiske romanar. Denne litterære perioden har mange navn, som psykologisk realisme, etisk realisme eller nyrealisme. Nyrealismen har mange likskapar med nyromantikken. Enkelpersonen var meir i fokus no enn i tradisjonell realisme fra forrige århundre, og ein la vekt på å forstå enkeltmennesket. Realismen på 1800 talet blei kalla kritisk realisme, medan denne nye realismen blei kalla etisk realisme.
Aksel Sandemose emigrerte til Noreg i 1929, og blei norsk statsborgar etter krigen. Under krigen flytta han ein periode til Sverige pga. aktiv kamp mot tyskarane. Etter krigen flytta han tilbake til Noreg. Familien kom over eit nedlagt småbruk på sørlandet, der dei budde i ti år. Så blei han ramma av ulykke. På kort tid døydde den eine sonen og kona hans. Han flytta så tilbake til Oslo, der han gifta seg i 1963. Han døydde i 1965 pga. sjukdom. Aksel Sandemose skreiv ein rekke romanar, og noko av det han er mest kjend for er «en flyktning krysser sitt spor (Janteloven)», «den svundne er en drøm» og «Varulven». Desse verka skaffa han ein plass i verdenslitteraturen, og etter «Varulven» blei han av mange rekna som ein kandidat til Nobels litteraturpris. I teksten «Lillebror» får vi høyre om Ole som får ein veslebror - Per. Ole likar ikkje tanken på å få enno eit søsken, da han allereie no kjenner at dei er nok ungar som kjempar om merksemda frå mor. Han blir ofte sett som barnepike for Per, noko han slett ikkje likar. Ein dag medan han er ute og trillar på veslebroren sin, treff han på nokre vener. Dei bestemmer seg seg for å drive ein farleg leik med barnevogna, noko som resulterer i at vogna veltar og Per dett ut. Dette får alvorlege konsekvensar for familien, men novella skildrar også dei tankane Ole går med i ettertid. Skjønar han kva han har gjort? Korleis burde mor og far reagert? Dette er blant anna nokre av problemstillingane denne teksten tar opp. Det er ikkje heilt sikkert når teksten blei skreve, men den vart utgitt i novellesamlinga `Dans, dans Roselill` i 1965, kort tid etter Aksel Sandemoses eigen død. Den passar inn i mellomkrigstidas psykologiske diktning. Freuds fokus på barndommen påverka forfattarane på denne tida, bl.a. Aksel Sandmose. Forfattarane meinte at årsaka til mange problemer i vaksen alder var å finne i barndommen. |