første møte av Sigrid undsetSigrid Undset (1882-1949) fekk Nobelprisen i litteratur i 1928 for triologien om Kristin Lavransdatter. I denne triologien skildrar ho livet til Kristin Lavransdatter og Noreg i mellomalderen. Sigrid Undset skreiv ikkje berre romanar, ho skreiv òg noveller, dikt, essay og skodespel. Ho var oppteken av å skildre livet som det er, og forfattarskapet hennar reknas derfor inn under nyrealismen.
Sigrid Undset vaks opp i Christiania (Oslo), og ho fekk sjå fattigdom på nært hald. Noko av det første ho gav ut var novellesamlingar, som mellom anna handla om barn og deira oppvekst. Novella Første møte, frå novellesamlinga Fattige skjæbner (1912), er eit godt eksempel på dette. Ho var skeptisk til det moderne samfunnet, og ho meinte at den moderne livsstilen ikkje gav mennesket ei orientering i livet. Sjølv konverterte ho til den katolske kirke. Katolsk kristendom finn vi mellom anna i triologien om Kristin Lavransdatter, og då særleg i det siste bindet, Kransen. Som nemnt skreiv Sigrid Undset òg essays, og her nytta ho høvet til å åtvare mot fascismen. Under andre verdskrig måte ho flykte til USA, og her arbeidde ho for frigjering av Noreg. |
|