sonen av Jon fosse (f.1959)
Jon Fosse er fødd i 1959 og har vakse opp på Vestlandet. I tekstane er natur og miljø ein viktig del av handlinga. Han har skrive lyrikk, romanar, noveller og skodespel. Han blir samanlikna med Henrik Ibsen fordi han no er den mest spelte norske dramatikaren i Europa sidan Ibsen. Han skriv om møte mellom folk der det seiast lite. Det er dermed det som ikkje blir sagt som lagar spenninga. Slik blir det det usagte som gjer at det blir ei sterk stemning i tekstane. Det er måten menneska tenker på som Fosse formidlar så godt.
Jon Fosse blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Kjelder:
http://www.samlaget.no/nn-no/forfattarar/f/jon-fosse.aspx Blichfeld m. flere, Kontekst Tekster 2, 2006 Bilde: https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Jonfosse1.png |
|