etterkrigslitteraturDen litteraturen som kom ut dei første åra etter 1945, var i stor grad prega av erfaringane frå dei fem krigsåra. Forfattarane skreiv om okkupasjonen og om det tankegodset som høyrer nazismen til, og mange gav ut romanar som var bygde på verkelege hendingar under krigen. Andre heldt fram med å skrive som ein skreiv før 1940; historiske romanar, folkelivsskildringar og psykologisk-realistiske romanar. Ein finn også forfattarar som kom med skarp samfunnskritikk. Elles fekk både trilogien og den gode novella ein oppsving på 50-talet, og innanfor lyrikk og drama ser ein at det blir skrive både tradisjonelle og meir eksperimentelle tekstar i perioden 1945-1965.
Krigen som tema Det kom ut dokumentariske forteljingar ( forteljingar frå verkelegheita) skrivne av menneske som hadde vore i tysk fangenskap eller som hadde tatt del i motstandsarbeid under krigen. Nokre år seinare kom det ut biografiar over heltar frå krigen. Fridtjof Sælen si bok «Shetlands-Larsen» og «Ni liv, historia om Jan Baalsrud» av David Armine Howard blei store suksessar. Fiksjonslitteraturen (fiksjon er oppdikta historier) tok også for seg hendingar frå krigen. I «Englandsfarere» (1945) skriv Sigurd Evensmo om ei gruppe motstandsmenn som blir tatt til fange. Fleire forfattarar forsøkte å forsøkte å gi psykologiske forklaringar på kvifor tilsynelatande vanlege nordmenn gjekk i nazistane si teneste. «Møte ved milepelen» (1947) av Sigurd Hoel er eit døme på dette, og Johan Borgen tar opp problemet i «Lillelord-trilogien» (1955-57). Også Aksel Sandemose prøver å sjå tilbake i fortida til romanpersonane sine for å forklare kvifor dei handla som dei gjorde. Epikk Episk litteratur er det same som prosa. I denne kategorien høyrer romanen og novella til. Dei fleste prosaforfattarane heldt seg til den psykologisk-realistiske tradisjonen som oppstod før krigen, men det blei også eksperimentert med sjangrane. Tarjei Vesaas frå Vinje i Telemark skreiv romanar med mykje symbolikk. Han blei den som fornya norsk forteljekunst etter krigen. I romanen «Huset i mørkret» (1945) skreiv han om krigserfaringane med ein omfattande symbolbruk. Vesaas heldt fram i symbolsk retning, men samtidig blei verka hans stadig meir lyriske. Romanen «Isslottet» (1963) fekk Vesaas Nordisk Råds litteraturpris for, og delar av dette verket er rein prosalyrikk. Andre som eksperimenterte, var Finn Carling og Bergljot Hobæk Haff. Både Johan Borgen, Tarjei Vesaas og Torborg Nedreaas skreiv noveller i tillegg til romanar, og i denne perioden debuterte Kjell Askildsen, som i dag reknast som ein av dei finaste novelleforfattarane i norsk litteratur. Cora Sandel og Torborg Nedreaas tok ofte opp kvinnene si stilling i samfunnet på 50- og 60-talet. Nedreaas si novelle «Kruttrøyk» (1945) er dessutan ein av klassikarane blant krigsnovellene våre. Av andre kvinnelege forfattarar må vi nemne Bjørg Vik, som bur i Porsgrunn. Ho debuterte i 1963 med novellesamlinga «Søndag ettermiddag». Agnar Mykle gjekk til angrep på puritanismen. (Ein puritanar er ein person som lever etter strenge moralske prinsipp). Romanen «Sangen om den røde rubin» (1956) vakte spesielt stor oppsikt. Her går forfattaren til angrep på samfunnet sitt syn på sex og samliv. Mykle blei skulda for å skrive pornografisk, og det blei ført straffesak mot han. Han blei frikjent, men boka hans blei inndratt og gjort ulovleg i ein periode. Jens Bjørneboe kom med skarp samfunnskritikk i tendensromanane sine. (Ein tendensroman set problem i samtida under debatt og peiker på det som er skeivt i samfunnet). I «Jonas» (1955) går Bjørneboe til angrep på skolen. Hovudpersonen Jonas er ein liten gut med dysleksi. På skulen blir han behandla som ein psykisk utviklingshemma. For ungdom i opprør blei Georg Johannessen og Axel Jensen populære forfattarar. Jensen lar dei unge hovudpersonane i «Ikaros» (1957) og i «Line» (1959) ta eit oppgjer med det besteborgarlege i samfunnet. (Ein besteborgar er ein velståande borgar med synsmåtar og vanar som er typiske for det miljøet han høyrer til). Lyrikk I dei første åra etter krigen var det krigslyrikk i tradisjonell form som dominerte. Dei som slo best an, og som sette salsrekordar, var Arnulf Øverland, Nordahl Grieg og Inger Hagerup. Kampdikta deira var blitt kringkasta frå London under krigen, eller dei blei spreidde illegalt. Fredsvåren 1945 kunne dei endeleg kome ut fritt, og verken før eller seinare har norsk lyrikk hatt større opplagstal. Halldis Moren Vesaas var gift med Tarjei Vesaas og debuterte som lyrikar i 1929, men heldt fram med å skrive dikt både under krigen og etter krigen. Gjennom dikta sine uttrykte ho tankar om lykke, kjærleik, liv og arbeid. Omkring 1950 braut den modernistiske lyrikken igjennom med mellom anna Tarjei Vesaas, Paal Brekke og til dels Gunvor Hofmo. Desse lyrikarane blei fleire og fleire. Dei følte at det tradisjonelle lyriske formspråket ikkje strekte til for å gi uttrykk for redslene under krigen og den nye, kalde krigen. Dei fekk krass kritikk av diktarar som heldt seg til den tradisjonelle forma; ein av desse var André Bjerke. Saman med Arnulf Øverland kasta André Bjerke seg ut i ein lang diskusjon med Paal Brekke og andre modernistar. Denne debatten blei seinare kjent som «Tungetaledebatten». Utover på 50-talet heldt både dei tradisjonelle diktarane og modernistane på sitt. Nytt i dette tiåret var at det dukka opp ein lyrikar ved namn Olav H. Hauge. Han er blitt ståande som den største diktaren i siste delen av det 20. hundreåret. Mot slutten av 1950-talet ser ein ei ny interesse for politikk og samfunn i lyrikken. I 1959 gav Georg Johannesen ut «Dikt», ei samling med reine politiske dikt. Hos lyrikaren Rolf Jacobsen finn vi ei kritisk haldning til forbruk og til øydelegging av naturen. Dramatikk Også innanfor dramatikken ser ein at mange forfattarar heldt seg til den realistiske måten å skrive på, mens andre eksperimenterte. Til den første gruppa høyrer Axel Kielland, Hans Heiberg og Finn Havrevold, medan Jens Bjørneboe og fleire andre sprengde grensene for realismen. Bjørneboe blei dessutan inspirert av den tyske teatermannen Bertolt Brecht til å skrive politiske teaterstykke. Elles dukka radiohøyrespelet opp som noko nytt i denne perioden og blei svært populært. Fleire norske forfattarar bidrog med tekstar til denne spesielle dramatiske forma. Kilder:
https://snl.no/Norges_litteraturhistorie#-11 https://no.wikipedia.org/wiki/Norsk_litteratur#Etterkrigs.C3.A5r_1945-1965 http://www1.uis.no/fag/Learningspace_kurs/guide/Tidslinjer/Litteraturhistorie/tekstsider/etterkrigstid/epikk.htm http://www1.uis.no/fag/Learningspace_kurs/guide/Tidslinjer/Litteraturhistorie/tekstsider/etterkrigstid/lyrikk.htm http://www1.uis.no/fag/Learningspace_kurs/guide/Tidslinjer/Litteraturhistorie/tekstsider/etterkrigstid/etterkrigstiden.htm https://portfolio.no/download/ce7f61fd-8ef0-4393-86f6-86f0fc692954 |
Norges litteraturhistorie fra 1800 til nåtid:
Hovedside Romantikken Nasjonalromantikken Realismen Naturalismen Nyromantikken Nyrealismen Mellomkrigstida Okkupasjonstid Etterkrigslitteraturen Modernisme og sosialrealisme Åpenhet og mangfold Tusenårsskiftet Læringsmål:
|