modernisme og sosialrealismeI åra 1965-1980 gjer modernismen og sosialrealismen sitt inntog i norsk litteratur. Frigjøringsideologien som har herja i etterkrigstida er borte, og sjølvet kontrolleras av situasjonsforventningar og tilhørande roller eller former.
Nokre av kjenneteikna for forfattarane på denne tida, er at dei har politiske bodskap; klare og enkle. Mange forfattarar på 1970-talet høyrde til det politiske partiet Arbeidernes Kommunistparti, eller AKP. AKP var eit parti som, gjennom aviser og studentorgan, markerte seg i Noreg på denne tida. Litteraturen som vart skreven skulle fremje ein kommunistisk revolusjon, men tilslutningen til ideologien kunne like gjerne handle om ein eksistensiell fortviling som ein politisk erkjenning. Den politiske diktinga gjekk ofte langt i å skulle lære opp lesaren politisk. Tilslutninga til AKP er, av mange, blitt omtala som ei politisk vekking, og for dei fleste tok dette slutt etter nokre år.
Det var sjølvsagt ikkje gitt at det var slik det måtte vere i denne perioden. Fleire kjende forfattarar skreiv modernistisk litteratur, og held fram som dei hadde gjort på 50, 60 og 70-talet. Modernismen skildrer storbylivet, kommunikasjon, industri og andre "moderne" fenomen. Litteraturen bryt med tradisjonar, og vi kan til dømes sjå at det brukas kvardagsord og daglegtale, har ein fri oppbygging, og eit ope biletspråk.
Forfattarar som markerte seg i denne litterære perioden var blant anna Dag Solstad (Irr! Grønt! (1969)), Rolf Jacobsen (Pass for dørene - dørene lukkes (1972)), Kjartan Fløgstad (Dalen Portland (1977)).
|
Kildehenvisninger:
https://nn.wikipedia.org
https://snl.no
P. T. Andersen, Norsk Litteraturhistorie, 2. utg. 2015
https://nn.wikipedia.org
https://snl.no
P. T. Andersen, Norsk Litteraturhistorie, 2. utg. 2015