adjektivAdjektiv beskriv eigenskapar ved substantiv og pronomen.
Bilen er blå. Eg er trøytt. Ho er vennleg. Trine er lattermild. Geir er streng. Dei beskriv korleis substantivet ser ut, korleis det luktar, kva for ei farge det har, kor mange det er og så vidare. Adjektiv gradbøyes slik: Eg fekk ei gul veske, men Marthe fekk ei som var gulare. Den gulaste var den kulaste. Ingar er ung, Hege er yngre, men Marthe er yngst. Ordenstala er òg adjektiv. Den 17. gongen eg gjekk til Vealøs, var det endeleg sol. Eg fekk to softisar av morfar. Da eg åt den andre, grisa eg. På nynorsk samsvarsbøyer vi adjektiv i kjønn, eintal og fleirtal. Det er eit gult hus i gata mi. Eg skulle ynskje det var fleire gule hus i gata mi. Eg fekk ei gul veske og ein gul hatt i bursdagsgåve. Da blei eg like gul som sola. Den gule veska hadde ein raud blome på lokket. Alle jentene i gata mi har gule hattar. |