Historie er beretning av utvikling av samfunnet og mennesket, hendelser og konsekvenser av disse.
For å kunne forstå nåtiden, må vi forstå fortiden.
For å kunne forstå nåtiden, må vi forstå fortiden.
Kompetansemål (K-06):
Historie
Hovudområdet dreier seg om å utvikle historisk oversikt og innsikt, og å undersøkje og drøfte korleis menneske og samfunn har forandra seg gjennom tidene. Historie omfattar korleis menneske skaper bilete av og formar si eiga forståing av fortida, og korleis dette innverkar på notida. Å stimulere til kritisk og reflektert deltaking i samfunnet er sentrale element i hovudområdet.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

- finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og diskutere korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis
- drøfte ideal om menneskeverd, diskriminering og utvikling av rasisme i eit historisk og notidig perspektiv
- presentere hovudtrekk ved historia og kulturen til samane frå midt på 1800-talet til i dag og konsekvensar av fornorskingspolitikken og samanes kamp for rettane sine
- presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet og beskrive korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag
- gjere greie for framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved Noreg i dag
- gjere greie for teknologiske og samfunnsmessige endringar som følgje av den industrielle revolusjonen
- gjere greie for idear og krefter som førte til den amerikanske fridomskampen og den franske revolusjonen, og beskrive følgjer dette fekk for den demokratiske utviklinga i Noreg
- gjere greie for kolonialisme og imperialisme og gje døme på avkolonisering
- drøfte årsaker til og verknader av sentrale internasjonale konfliktar på 1900- og 2000-talet
- drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar
Sist oppdatert: 12.02.16