Kompetansemål (K-06)
Kreative tekstar Å vere kreativ tyder å skape. Når vi skriv kreative tekstar har vi lov til å dikte så mykje vi vil, vi kan til og med lyge. Kreative tekstar kan altså vere fiksjon. «Derfor knytter vi gjerne kreativ skriving først og fremst til skjønnlitterære tekster, for eksempel dikt og noveller» (Grip teksten, Dahl, Engelstad m.fl.2013). «Å dikte er å se» sa Henrik Ibsen i ein tale til studentar i 1874. Det er ikkje berre når vi skriv at vi er kreative. Når vi les skapar vi vår eiga meining i møte med teksten. Vi tolkar det vi les ut i frå vår eiga røynsle. |