openheit og mangfaldTida rundt 1980 og 1990-tallet blir ofte kalla tida for mangfald, openheit og fantasi. Det er storperiode for krimlitteratur, forfattarbiografiar gjer eit inntog og det same gjer Fantasy-litteraturen. Når ein ser på krimlitteraturen så kom dei kvinnelege forfattarane for fullt på 90-talet. Namn som Kim Småge, Anne Holt, Karin Fossum og Unni Lindell er viktige i historia. Dei mannlege forfattarane følgde på , der kan ein nemne namn som Jo Nesbø, Jan Mehlum og Gunnar Staalesen. Folket har ikkje mista interessa for krimsjangeren etter tusenårsskiftet heller, snarare tvert i mot. I denne perioda er det også riktig å nemne interessa for biografiar, særleg forfattarbiografiar, men også kuntsnarbiografiar. Det er ein tendens at den som skriv biografien er nærgåande og nakent ærleg om hovudpersonen. Det er ikkje sjeldan å sjå to forfattarnamn på utsida av biografien, då har ein nålevande forfattar skreve om sin forgjengar. Dei fantastiske historiene, med surrealistisk innhald får mykje større plass i denne perioden enn tidlegare. Forfattarar som Jan Kjærstad, Ragnar Hovland og Gert Nygårdshaug er viktige namn. Ungdomslitteraturen har mykje av det magiske i seg. |
Norges litteraturhistorie fra 1800 til nåtid:
Hovedside Romantikken Nasjonalromantikken Realismen Naturalismen Nyromantikken Nyrealismen Mellomkrigstida Okkupasjonstid Etterkrigslitteraturen Modernisme og sosialrealisme Åpenhet og mangfold Tusenårsskiftet Klikk her for å redigere.
|