Eit lesarinnlegg er ein kort argumenterande tekst kor du gjer rede for eit klart standpunkt i ei sak. Målet ditt er å overtyde lesaren om å vere einig med deg.
Vi finn lesarinnlegg i trykte aviser, nettaviser og i blad. Du kan starte ein diskusjon om noko du er oppteken av, eller svare på eit innlegg nokon andre har skrive. Skriveråd: Du må ha ei overskrift som gjer lesaren nysgjerrig på teksten din. Det er mange lesarinnlegg på ei side, og det er ikkje mange som les alle. Hald deg til ei sak. Teksten din må ikkje vere for lang, og du må uttrykke deg klart og tydeleg. Du har lov til å vere subjektiv, altså skrive di eiga meining. Pass på at du ikkje skriv noko som kan oppfattast som personangrep. Kjelder: https://ndla.no/nn/node/137942?fag=116784 (5.11.2018) |
Her kan du lese meir:
Leserinnlegg Retoriske grep Temasetning/kommentarsetninger Subjektivt/objektivt språk Skriveramme SiD er ei side i Aftenposten kor innlegg av ungdom mellom 13-21 år kan publiserast. Både Varden og TA har eigne sider med lesarinnlegg.
|