tusenårsskiftetNår vi kjem så nært opp mot vår eiga tid, kan det vere vanskeleg å seie noko nøyaktig om perioden. Det er for nært. Likevel har snl.no brukt orda stabilitet og fornying. I det ligg det at det ikkje er nokre store endringar som pregar litteraturen etter tusenårsskifte, men mykje er ved det same som på 80- og 90-talet. Nokre endringar er det likevel.
Nye sjangrar Sosiale medium har fått ein naturleg plass i livet til veldig mange menneske, og i alle generasjonar. Det gjer det mogleg å vise fram seg sjølv på ein heilt anna måte enn tidlegare. Vi har jobba med twitternoveller, kor twitter i seg sjølv set sjangergrensa, kor det ikkje er lov til å bruke meir enn eit visst antal teikn. Frode Grytten har vore aktiv her. Blogg er ein annan sjanger som har breidd om seg, for ikkje å gløyme You Tube. I litteraturen finn vi òg dette fenomenet med å vise fram seg sjølv. Karl Ove Knausgård har gitt ut seks bind om seg sjølv og sitt liv i bøkene Min Kamp 1-6. I følge Per Thomas Andersen kan vi finne likskapar til blogging i hans bøker. Han er meir direkte og spontan i si skriving enn det som har vore vanleg. Tida han har brukt på å skrive seksbindsverket er også kort samanlikna med andre. Realialisme Det å bruke eiga liv og opplevingar i det ein skriv er ikkje noko nytt. Likevel er dette eit framtredande trekk i nyare litteratur. I haust var det store diskusjonar rundt romanen Arv og miljø av Vigdis Hjorth, og i kva grad han er sjølvbiografisk eller ikkje. Realialisme, det vil seie at ein ikkje berre brukar eige liv, men òg verkelege hendingar og andre verkelege personar, for eksempel familiemedlemmar, i det ein skriv. Det blir ei slags samanblanding. Eit eksempel på dette har vi i Gaute Heivoll si bok Før jeg brenner ned. Her fortel han om seg sjølv og sin familie, men han har òg med historia om ein pyroman som skapte skrekk i bygda. Per Thomas Andersen kallar dette ein hybrid kor Gaute Heivoll blandar sjølvbiografisme, kriminalroman og new journalism. Boka er filmatisert, og filmen har fått tittelen Pyromanen. Med omgrepet new journalism meiner ein ei form for journalistikk kor journalisten/forfattaren tar i bruk verkemiddel frå skjønnlitteraturen, for eksempel replikkar, tankereferat og skildringar, for å gjere hendingane så levande som mogleg for lesaren. Kildehenvisninger
Andersen, Per Thomas, Norsk litteraturhistorie 2.utg, Universitetsforlaget 2016 https://www.collinsdictionary.com/dictionary/english/new-journalism By Soppakanuuna (Own work) [CC BY-SA 3.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0) or GFDL (http://www.gnu.org/copyleft/fdl.html)], via Wikimedia Commons |
Norges litteraturhistorie fra 1800 til nåtid:
Hovedside Romantikken Nasjonalromantikken Realismen Naturalismen Nyromantikken Nyrealismen Mellomkrigstida Okkupasjonstid Etterkrigslitteraturen Modernisme og sosialrealisme Åpenhet og mangfold Tusenårsskiftet |