mikrotekstarFor sale. Baby shoes. Never worn Det er ikkje alltid du må skrive langt for å skrive ein god tekst. I ein mikrotekst må du arbeide mykje med språket, og du må kunne kunsten å antyde noko. Eksempelet over er ei seksordsnovelle. Vi veit ikkje kva som er grunnen til å skoa aldri blei brukt, vi må tenke sjølv og tolke. Sjansen er stor for at alle som les teksten har si eiga oppfatning av kva han handlar om.
Twitternovelle er eit anna eksempel på ein mikrotekst. På twitter har du ikkje plass til meir enn 140 tegn. Då må du bruke tid på kva ord du vil bruke, og korleis du skal få formidla bodskapet ditt slik at lesaren får den opplevinga av teksten som du ønsker. Nrk har kvar månad ein uhøgtideleg skrivekonkurranse på twitter med emneknaggen #nynov (nynorsk novelle). I vindauget på høgre side ser du eit søk på denne emneknaggen. I tillegg til det har #seksordsnovelle hatt sine periodar med popularitet, og det går også å søke på denne for å finne inspirasjon. Ho spurte: "Kan ikkje du skrive ei twitternovelle for meg?" Han såg opp frå naturfagsbøkene og svara "Jo, det hadde passa veldig bra... |