småartiklar
Nokon gonger er det kjekt å kunne skrive ein liten artikkel om noko du er oppteken av. For eksempel om forelsking, håplause foreldre eller heilt andre ting.
Små-artiklar skal som namnet seier vere korte, ikkje meir enn sju til åtte setningar. Klarer du å bruke humor er det eit verkemiddel som passar her. Eit eksempel: Lærarar Ein spesiell art av homo sapiens som skil seg frå normalen ved at dei har ein spesiell trong til å herse med mindreårige. Dei har dårlegare sans for humor enn normalt, og dei likar å kle seg i svært kjedelege klede. Dei fleste ser mykje eldre ut enn dei eigentleg er (grunna mykje mas frå elevar), og dei fleste døyr fleire år tidlegare enn gjennomsnittet. Undersøkingar frå fleire forskarar tydar på at mas frå skuleelevar, spesielt ungdomsskuleelevar, fører til auka fare for hjarte og kar-sjukdommar, ikkje ulikt slik sigarettrøyk påverkar kroppen vår. Dette betyr eigentleg at ein røykande lærar har dobbel risiko for å døy av til dømes hjarteinfarkt. Ingar Hagen Sist redigert, 25.04.16 H. Eikeland |
Klikk her for å redigere.
Klikk her for å redigere.
|